JULEKONSERT:

A Christmas Gift For You From The Dreamliners & Phil Spector

Phil Spectors legendariske juleplate fra start til slutt!

Tid, dato og aldersgrenser 20:00 20+
Billetter Kjøp billett 200,—

Den legendariske juleplata “A christmas gift for you from Phil Spector” kom på marknaden i 1963, på same dag som president J.F.K. vart skoten. Det seier seg sjølv at den ikkje vart nokon umiddelbar suksess.

Likevel har du høyrd låtane frå denne plata før, gong på gong, i filmar, på radioen, eller ein eller annan plass i bakgrunnen medan du slit med å få tak i akevittglaset mellom alle ribbebitane. Plata har vakse til å bli ein gedigen musikalsk klassikar, trass i ein noko trong fødsel, og inneheld dei mest kjende amerikanske julesongane med artistar som the Ronettes, the Crystals og Darlene Love, ikledd den karakteristiske «Wall of Sound-produksjonen til, allereie då, smått ustabile Phil Spector.

No sit han inne for drap, men denne kvelden tek The Dreamliners med venner deg med attende til dei glade 60-åra. “A christmas gift for you from Phil Spector” frå start til slutt, med blåserekke, kordamer og energisk komp. Glitrande pynt, glitrande kostymer og glitrande musikarar gjer denne kvelden til den beste juleoppladinga!

Program

november

desember

januar

februar

mars

april