HVER TIRSDAG:

Litteratur På Blå: Tankegods – Gilles Deleuze

NB! Flyttet til Ingensteds!

Tid, dato og aldersgrenser 19:00 20+
Billetter 30,—

NB! Flyttet til Ingensteds!

Gilles Deleuze er rekna for å vere ein av dei viktigaste franske filosofane i nyare tid. Han er særleg kjend for boka L’anti-Œdipe (1972). L’anti-Œdipe, eller Anti-Ødipus, og fortsetjinga Mille plateaux (Tusen platåer) (1980), er eit oppgjer med freudiansk psykoanalyse. Bøkene vart skrivne saman med psykiateren Félix Guattari og vert sett på som eit hovudverk innan den kritiske psykiatrien i Frankrike.

Deleuze er på mange måtar ein eigensindig og vanskeleg tilgjengeleg filosof, samtidig som mange av omgrepa hans har inspirert lesarar også utanfor filosofien (kunstnarar, arkitektar, litteratar osb). Han skreiv nemleg også viktige litteraturkritiske verk, blant anna om Proust og Kafka, og arbeid om film og malarkunst.

Sidan Deleuzes filosofi for mange (denne redaksjonen inkludert) opplevast som vanskeleg å få grep om, vil vi i Litteratur på Blå freiste å opne opp noko av hans tankegods, med hovudvekt på den estetiske delen av forfattarskapen hans. Denne kvelden på Blå ønskjer vi å gå inn i hans filosofi og blant anna sjå på kva slags innverknad Deleuze har hatt på litteratur og kunst generelt. Med oss i samtalepanelet har vi Knut Ove Eliassen og Ina Blom.

Knut Ove Eliassen er professor ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU, og har vore forskingsleiar blant anna for prosjektet «I skyggen av opplysningstiden». Han har også skrive om 1900-talets litteraturteori og estetikk, i første rekke nyare fransk filosofi.

Ina Blom er kunsthistorikar, kritikar og professor i kunsthistorie ved Universitetet i Oslo. Ho har avantgarderørsla på 1900 talet som sitt hovudfelt.

Ordstyrar for samtalen er Litteratur på Blås Kristin Buvik Sivertsen.

Program

april

mai

juni

juli

august

september

november