LITTERATUR PÅ BLÅ:

Litteratur På Blå: Eit møte med Saša Stanišić

debatter, samtaler og intervjuer

Tid, dato og aldersgrenser 19:00 20+
Billetter 50,—

I samarbeid med Goethe-Institut Oslo har vi denne kvelden invitert Saša Stanišić til samtale – ein bosnisk-tysk forfattar, fødd i 1978 i ein liten by aust i Bosnia. I 1992 kom han til Heidelberg i Tyskland som borgarkrigsflyktning. Han har studert tysk og slavisk språk, og tatt den prestisjefylte skriveutdanninga ved Litteraturinstituttet i Leipzig. Stanišić har utgitt to romanar, den første, Hvordan soldaten reparerer grammofonen (2006), kom på norsk i 2009. For sin siste roman, Før festen, vann han bokmessa i Leipzig sin gjeve litteraturpris. Den kjem på norsk på Cappelen Damm kvart augneblink, i Astrid Nordang si omsetjing.

Handlinga i romanen er lagd til det fiktive Fürstenfelde i Uckermark, ein landleg del av Brandenburg. Ulike forteljarinstansar skildrar korleis nedgangstida som har oppstått i etterkant av den tyske gjenforeininga, medfører både arbeidsløyse og alkoholproblem. Stanišić, som er kjend for sitt stilmedvit og språkbehersking, viser også dette i Før festen.

Stanišićs språk kan vere ei utfordring å omsetje, og av den grunn har vi også invitert omsetjaren Astrid Nordang til samtalen. Nordang er sjølv forfattar, og har lang erfaring som både omsetjar og gjendiktar. Ho er frå Asker, og har studert tysk, italiensk og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo.

Ordstyrer for samtalen vil være redaksjonsmedlem i Litteratur på Blå Runa Kvalsund.

Program

november

desember

mars

mai