HVER TIRSDAG:

Litteratur På Blå: Sleppfest – Tidsskriftet Mellom

debatter, samtaler og intervjuer

Tid, dato og aldersgrenser 19:00 20+
Billetter 50,—

24. november er det klart for lansering av Mellom #2 2015. I samarbeid med Litteratur på Blå arrangerer Mellom sleppfest med samtale og opplesingar, og sjølvsagt sal av det nye nummeret, som er tidsskriftet si andre utgiving.

Vi har invitert Jan Erik Vold, som står bak gjendiktinga og utvalet av ei rekkje dikt skrivne av den finlandssvenske diktaren Henry Parland, og professor i allmenn litteraturvitskap Christian Refsum, som har jobba med med attdiktande diktarar frå eit vitskapeleg perspektiv.

Henry Parland vert rekna som ein av dei fire store i den finlandssvenske modernismen, men er lite kjend i Noreg. Han var forut for si tid, og døydde allereie i 1930, då han var berre 22 år gamal. Det er først no, i Jan Erik Volds gjendikta utval, at vi kan lese den unge funkis-forfattaren på norsk. Her er det ingen tvil om at omsetjaren speler ei viktig rolle både for korleis lesarane møter litteratur, og at dei gjer det. Men slik er det ikkje alltid. Kva gjer det med litteraturen vi har tilgang på? Korleis endrast han i omsetjing? Og kva rolle speler omsetjargjerninga i attdiktarens eige diktarskap?

Etter samtalen vil det bli opplesing frå nummeret, med omsetjar og forleggar Kristina Quintano, omsetjar og Anders Ribu og omsetjar og forfattar Ingrid Melfald Hafredal.

Slepp-tilbod:

Mellom #2: 60,-

Mellom #1 & #2: 80,-

Abonnement: 120,- for 2 nummer i året.

Hugs kontantar!

Arrangementet er støtta av Norsk tidsskriftsforening.

Program

november

desember

mars

mai