FORMIDDAGSKONSERT

Jazz på gølvet: Flukten

skitten jazz å danse til og mjuk, finstemt jazz å tenke til

Time, date & age restrictions 13:30 20+
Tickets Get tickets 150,—

Kva skjer når du sperrer inne fire av dei mest kreative musikarane i norsk jazz? Dei skaper. I mars 2020, då koronapandemien stengte Noreg, fann Flukten sin fristad. Flukten er styrt av ein ting – viljen til musikk.

Flukten består av musikarar frå nokre av dei mest kritikarroste banda i norsk jazz dei siste åra: Hanna Paulsberg Concept, Atomic, Moskus, GURLS, Wako, Espen Berg Trio, Hullyboo, Skadedyr og Trondheim Jazzorkester.

Etter Fluktens debutkonsert på Nasjonal Jazzscene i fjor skreiv mellom anna kritikarane «er det noen band-debuter som virkelig har satt merker i sjel og hjerte er det denne.»

Med referansebiblioteket fylt med John Scofield, Joe Lovano, Per «Texas» Johansson, Salif Keita og Paul Motian, tek dei vegar om hip hop, soul eller folkemusikk frå kvar det skal vere.

Her kan alle spontane innfall bli dyrka fram og utforska. Flukten gir deg skitten jazz å danse til og mjuk, finstemt jazz å tenke til. Det er musikk som feirar livet med rom for det utrulige.

Marius Klovning – gitar
Hans Hulbækmo – trommer
Karl Hjalmar Nyberg – saksofon
Bárður Reinert Poulsen – kontrabass

Program

March

April

May

December